Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Hellebu - Reinsbotnan

Tur nummer: 3.8



Turen startar på Hellebu der det er vidt utsyn over både nærområdet med elva Lya og heilt frå stølar på Torposida til Reineskarvet i vest. Turen går på god stig oppover og innover til du kjem til Reinsbotnan.  Turen kan derfrå forlengast til Fagerdalen eller kombinerast med tur 3.4 Vealie - Versjøen eller tur 3.7 Såta - Grytingen.

Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2014.  På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. Postkasse og klyppetang finn du på høgda før Reinsbotnvatna.

Koordinatane for turen finn du her. 



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS