Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

10 turfavorittar i Ål - Ål52 sitt vandreprogram

10turfavorittar.no finn du årets 10 turfavorittar.

Nettsida www.aal52.no er ikkje lenger oppdatert. Gå til 10turfavoritter.no for årets turfavorittar


Klyppekort for 2017 er no i sal på Norli Ål og G-Sport Ål samt Ål turistinformasjon
(kortet kan kun kjøpast med kontantar hjå Ål Turistinformasjon)





Nytt i 2017 I samarbeid med Ål kommune og Ål Utvikling AS har me satt i gang med turappen Outtt. Dette er i fyrste omgang ein app som ein lastar ned på telefonen. Her ligg dei 10 turfavorittar for 2016 med info om turen og turbeskrivelse, kart med moglegheit for sporing og bilete frå turen. Neste års 10 turfavorittar vil også bli lagt inn her.  Også i år kan du få kjøpt klyppekortet for 2017 hjå Norli Ål, G-sport Ål og Ål Turistinformasjon. Fin gaveide! 

Vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" blir drifta av Ål kommune i samarbeid med Ål Utvikling AS og orienterings- gruppa i Ål I.L. I tillegg bidreg både fleire bedrifter, lag og organsisasjonar på ulike vis.  Dersom du oppdagar feil eller manglar på turpostane gje beskjed til Nils Kjell Kolbjørnsgard i orienteringsgruppa (tlf. 977 80 447) eller Ål Turist- informasjon.



  Sjå brosjyra for 2016 



 Resultata frå vandreprogrammet kan du lese her. Og oversikt over premievinnarane for 2016 her.     

Ål52-  10 turfavorittar sommaren 2016


  
Takk til årets sponsorar som er Ålingen Kjøpesenter, G-Sport Ål, Norli Ål, Hallingdal Feriepark og Liatoppen Fjellstue. 
Me må også få rette ein stor takk til årets hovudsamarbeidspartner Ålhytta og til Sparebankstiftelsen DNB som har vore med å bidrege i prosjektet.


Blandt dei over 50 vandreturane i Ål52 er det 10 turar som kvart år blir valt ut til å være ein del av vandreprogrammet 10 turfavorittar i Ål.

På dei utvalgte turane finn du ei postkasse der du kan skrive namnet ditt i boka og stemple klyppekortet for å samle turar. Ved å samle minst 8 turar får du eit Ål52 krus i premie. Klyppekortet for 2016 kostar 120,- per familie. Ekstra krus kostar 90,-.

Når sesongen er ferdig blir det trekt premiar frå kvar bok og blant klyppekorta. Årets sponsorar er Ålingen, G-Sport Ål, Norli Ål og Hallingdal Feriepark. 

www.kommunekart.com finn du alle dei 10 turfavorittane. Klikk på ein tur og få kart over tilkomst til turen. 


Sor takk til Ålhytta som er hovudsponsor for 10 turfavorittar i Ål i 2016.


                                                                                                                                                                                                                       

Fotokonkurransen 2016: 

Ca 240 bilete var lagt ut med #Ål52 eller #Aal52 sommaren 2016. Reglane var at bilete skulle være frå ein av årets 10 turfavorittar og at du skulle følgje #ålturistinfo på Instagram.
Blant dei mange flotte bileta vart det kåra eit vinnarbilete: Gry Sando med bilete frå Rødungsberget
                                               

 Rødungsberget. Foto: Gry Sando                            
Foto: Gry Sando


Turane i vandreprogrammet i 2013 og 2014 kan du og lese om på www.ut.no  

 

Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS