Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Velkommen til Ål 52 sine nettsider!


Vi har mykje flott natur å oppleve i kommunen vår, men du går kanskje dei same stigane og rundane kvar gong?
 
I samband med Kulturminneåret har Ål kommune og Ål Turistinformasjon starta eit stort arbeid med å kartlegge, rydde og merke stigar. Etter kvart som desse er klare legg vi turomtaler, kart og bileter ut på desse sidene. Her kan du klikke deg fram til kjente og ukjente turar, lange og korte, lette og tunge, for små og store. Du kan også printe ut kart og omtaler til å ha på innerlomma undervegs, og skulle du oppdage feil eller manglar er det fint om du gjer oss merksame på det. Vi oppdaterer og redigerer sidene kontinuerleg. Dersom du skulle ynskje meir detaljert kart anbefaler vi å kjøpe karta som det blir henvist til i omtalene. Desse og gratis sentrumskart får du bl.a i bokhandelen og hos Ål Turistinformasjon.

Vi har mange og flotte stigar og turar i kommunen vår. Og med gode sko og ein ”havrepose” med noko godt oppi greier du kanskje meir enn du hadde trudd?
 
God tur!

På kartet under finn du meir informasjon om turane. Klikk på område du ynskjer å sjå nærmare på:

Vats Leveld Sando, Votndalen, Liagardane Torp og Oppheim Øvre Ål og Kvinnegardslia Sundre Breie og Sangefjell Veståsen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS