Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Viktig informasjon

Skiltsystemet
Dei aller fleste turane er skilta og/eller merka heilt eller delvis. Skiltsystemet for Ål52-turane er under utvikling og stadig fleire av turane vil bli skilta etter ny nasjonal skiltstandard. Då vil desse skiltsymbola for gradering bli brukt:


Krev ingen spesielle ferdigheiter. Asfalt, grus, skogsveg eller gode stigar. Ingen vading/kryssing av bekk. Moderate stigningar, men ingen bratte eller vanskelege parti, stigning inntil 300 høgdemeter.  


 
Passar for middels godt trena turgåarar. Som grøn løype, men kan ha nokon meir krevjande parti. Kan innehalde enkelte bratte parti, stigning inntil 400 høgdemeter.




Passar for erfarne turgåarar med god kondisjon. Krev godt turutstyr og gode fjellsko. Kan innehalde traversering av bratte hellingar og lengre område med både laus stein og myr, inntil to vad/kryssingar av bekk. Kan innehalde fleire luftige og utsette parti og tekniske utfordringar og passasjar med noko klyving med støtte av hendene. Turane er som regel ikkje merka så det må brukast kart og kompass. Stigning inntil 1000 høgdemeter. 


 
Passar for erfarne fjellfolk med god kondisjon. Krev godt turustyr og gode fjellsko samt kunnskap om kart og kompass. Lengre og/eller meir tekniske løyper enn «rød». Typiske turer vil være lengre toppturer med bratte stigninger og ujevnt underlag. Kan ha partier som er meget luftige og partier/passasjer med utsatt klyving eller smale eggar, sva, ur, etc.


Open eld

Open eld i skog og mark er forbode i tida 15.04–15.09. 


Båndtvang

Hugs bandtvang! Det er bandtvang i maskinpreparerte løyper heile sesongen. For datoar om bandtvang sjå Foreskrift om hundehald i Ål kommune.

Kulturminner

Dei fleste Ål52-turane har kulturminner undervegs eller i nærleiken. Les og lær om dei i den enkelte turskildring.

Kart 
I tillegg til kartskissen for kvar enkelt tur viser me til karta «Reineskarvet» 1:50.000, «Veståsen/ Sangefjell» 1:50.000 samt «Tur- og sykkelkart Ål/Gol/Hemsedal» 1:60.000. Kart kan m.a. kjøpast på turistinformasjon og hjå bokhandelen.


Det blir teke atterhald om evt. feil og/eller endringar på www.aal52.no og i brosjyren.



 

Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS