Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Kåring av det finaste friluftsområdet i Ål.

Finaste friluftsområdet i ÅL
Vinnarbilete i konkurransen. Foto: M. Troberg
 
 

21.09.2015 kl. 09:00: Ål sitt finaste friluftsområde er kåra. 

Det har vore jamt heile vegen mellom Bergsjøområdet og Fødalen/ Toviki, men Bergsjøområdet gjekk til slutt av med sigeren med 230 stemmer mot 219. Totalt har det komme inn 802 stemmer og mange flotte kommentarar på dei ulike bileta. 



Her kan du lese om korleis nomineringa og konkurransen har foregått.
I forbindelse med Friluftslivets år 2015 oppfordrar Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft alle kommunar til å kåre sitt finaste friluftsområde.

Ål er ei Friluftslivets år kommune og derfor ynskjer Ål kommune og Ål Utvikling AS at du skal være med på kåringa.

 

Post bilete av det du meiner er det finaste friluftsområdet i Ål på instagram med#få15ål og skriv kva for området bilete er frå.     
For at bilete skal være synleg må du ha open profil eller følge alturistinfo.      


Nomineringa skjer frå 25. juni til 02. september.

 

3. september vil dei 12 områda som har fått flest bilete på instagram bli lagt i eit album på "Ål i Hallingdal" sin facebook side. 
Det biletet som får flest likes på facebook fram til 09:00 21. september blir kåra til det finaste friluftsområdet i Ål kommune. 

Når kåringa er ferdig vil Ål få publisitet på Friluftslivets år sine nettsider.

Albumet med dei utvalgte bileta/ områda kan du sjå her 

 

Friluftslivets år har også inngått samarbeid med NAF. Alle dei valgte naturområdene vil bli inkludert i NAFs digitale vegbok. Les meir om dette på www.friluftslivetsar.no

Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS