Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Mørehovda

Tur nummer: 1.12



Tur mot foten av mektige Reineskarvet. Lett stigning frå Bergsjø, retning nord. Etter passering av små aurevatn og moltemyrar når du toppen av Mørehovda. Praktfull utsikt i alle retningar, godt akkompagnert av to skarv. Gå om Bukkestølen attende for ein fin rundtur.

Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2014.  På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. Postkassa og klyppetanga finn du på toppen av Mørehovda.  

Turen vil bli skilta fyrste veka i juli 2014.

Koordinatane for turen finn du her. 



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS