Rundtur med flott utsikt og mektig natur i Skarvheimen. God stig, tidvis noko bratt og krevjande. Start i Toviken, gå opp langs Mjølga, så etter Klevavatnet, forbi Klevahytta og deretter DNT-ruta ned til Iungsdalshytta. Stigen går så langs Stolsvatnet tilbake til Toviken. Turen er ikkje skilta og merka heile vegen, bruk kart.
Dette er ein av turane som er spesielt nemnt i brosjyren for Ål-52.