Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Bekkestad

Tur nummer: 8.5

Mykje tur på kort strekning

Rundturen over Trøbergi startar ved grendahuset i Breie. Fylg fyrst gardsveg og deretter merka stig bratt oppover.  Storfelt utsikt over dalen og Strandafjorden, og viss du tek ein avstikkar før stigen nedanfor restane av lue, kjem du ut på sjølve Trøberget. Nedatt same vegen eller vidare forbi Kvednagrove og på stupbratt stig nedatt over Slettbakkane. Undervegs ser du bl.a. gamal løypestreng og kvern.

Ynskjer du berre ein roleg lett tur kan du istaden gå "Kjerringvegen" forbi Underberg og vestover til Rotebakkdokken. 


Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS