Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Okslenuten

Tur nummer: 4.2

Kryss brua over Ridøla og fylg stigen til venstre langsetter bekken. Stigen tek av mot høgre og oppetter lia. Fylg på til det flatar ut. Hald mot høgre til topps. God utsikt utover heile Hallingdal. Stigen er delvis merka og det er også fleire oppslagstavler med informasjon om området. Turen er middels vanskeleg med nokon bratte parti, han passar dei fleste. Eventyrleg utsikt til vakre fjell i Ål, Hemsedal, Hol og Gol og mykje av landet elles.


Fylg rv7 til Torpo sentrum, ta av mot Torpo Stasjon. Sving til venstre etter å ha kryssa Hallingdalselva og fylg grusvegen opp på fjellet. Etter ca 3 km stigning tar du til venstre på ein gammal kjerreveg. Parkering langs kjerrevegen.


Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS