Rundtur frå Mykingstølen 1030 moh. med avstikkar til Skurvehovda 1122 moh. Delar av stigen følgjer ein gammal bufar/kjerre- veg. Terrenget er småkuppert, lett å gå og godt egna for barnefamiliar. Frå Skurvehovda er det eit vidt utsyn mot blant anna Vats, Reineskarvet og Hallingskarvet.
Turen er og fin for terrengsykling.
Dette er ein av turane som er spesielt nemnt i brosjyren for Ål-52.