Topptur som gir panoramautsikt over Hallingdalsfjella. Fylg stig til fyrste platået. Deretter vert stigen delvis borte, men det er likevel lett å finne fram. Stadvis bratt og steinete mot toppen, men der viser vardar i terrenget kvar det er best å gå. Turen er ikkje skilta og merka, bruk kart.
Dette er ein av turane som er spesielt nemnt i brosjyren for Ål-52.