Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Nasakamben

Tur nummer: 8.4 / 6.7

Èin stig med fleire mogelegheiter!

Turen startar på Bakketeigen der stigen oppover er bratt og noko steinete i byrjinga. Etter ca. éin times gange står det skilta til Nasakamben. Det er noko bratt stigning heile vegen, men når ein fyrst er komen på toppen blir ein belønna med storfelt utsyn over Strandafjorden og austover i dalen.

Frå Nasakamben går det ein lett stig til Orreleiksmyra, derfrå har du fleire turmogelegheiter. Ta gjerne stigen om Dekkadn attende til parkeringsplassen.

Langs Strandaberget kan du studere svært gamle kolgroper og sjå den djupe Ljøtehola.

Turen kan og starte frå Thunegardane opp for Strandafjorden.

Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS