Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Nystølen - Storestølen og Veslestølen

Tur nummer: 8.7



Tur på Sangefjell til stølar frå gamal tid. Start frå Nystølen og følg stig og gamal stølsveg til Veslestølen eller til Storestølen. Turen går i skogsterreng, forbi idylliske tjern og med framifrå utsikt bl.a. mot Reineskarvet. Attende tek du same vegen.


Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2014.  På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. Postkasse og klyppetang finn du der stigen deler seg mellom Veslestølen og Storestølen.

Koordinatane for turen finn du her.



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS